Lokførerskolen Nyheter Om Lokførerskolen Studentane gir Lokførarskulen toppskår

Studentane gir Lokførarskulen toppskår

94 prosent av studentane er fornøgde eller svært fornøgde med utdanninga ved Norsk fagskule for lokomotivførarar. Det går fram av Studiebarometeret 2026, den nasjonale undersøkinga om kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning.

Bilete av studiesjef og rektor Foto: Øystein Grue
Studiesjef Ane Haugen Jordal og rektor Kai Erik Jensen er særs nøgd med resultata frå Studiebarometeret i år.

Lokførarskulen fekk ein svarprosent på 95 prosent, med totalt 80 studentar som deltok i undersøkinga. Det gir eit solid grunnlag for resultata.

– Vi er glade for at studentane opplever utdanninga som relevant, nyttig og av høg kvalitet. Resultata viser at vi lukkast med det viktigaste oppdraget vårt: å utdanne lokførarar som er godt førebudde på arbeidslivet, seier rektor Kai Erik Jensen.

Sterk tilknyting til lokomotivføraryrket

Eit av dei tydelegaste funna i undersøkinga er at studentane opplever utdanninga som svært relevant for framtidig yrkesutøving.

Heile 96 prosent svarer at utdanninga bidreg til å utvikle evna deira til å utøve yrket. Lokførarskulen ligg også over landsgjennomsnittet på fleire sentrale område, mellom anna yrkesrelevans, tilgang til utstyr og læringsressursar og tilhøyrsle til fagfeltet.

Student på øvingskøyring Foto: Øystein Grue
Mathilde Oskarson frå kull 4-21 på praksis i tog. Mathilde er i dag yrkesutøver som lokomotivførar.

Studentane vurderer òg undervisninga svært positivt. Undervisarane får 4,7 av 5 poeng for fagleg kompetanse, medan læringsaktivitetane får 4,6 av 5 for bidrag til ny kunnskap og kompetanse.

– Det er særleg gledeleg å sjå at studentane opplever ein sterk samanheng mellom det dei lærer hos oss og kompetansen dei skal bruke i yrket. Det er heilt avgjerande for ei profesjonsutdanning som vår, seier Jensen.

Gode resultat for læringsmiljø og medverknad

Undersøkinga viser òg at studentane er godt nøgde med læringsmiljøet og moglegheitene til å påverke utdanninga.

91 prosent er fornøgde med moglegheitene til å gi tilbakemeldingar, medan 80 prosent er fornøgde med skulen sitt arbeid med læringsmiljøet. Samtidig er 91 prosent fornøgde med tilgangen til utstyr, materiell og andre læringsressursar

Praksisopplæringa får dessutan ein indeks på 4,3 av 5, noko som ligg over det nasjonale nivået.

Studentar frå kull 1-26 lærer om sporskifting. Foto: MaDa
Studentar frå kull 1-26 lærer om sporskifting.

Peikar også på område som kan bli betre

Sjølv om resultata er svært gode samla sett, viser undersøkinga nokre område med utviklingspotensial.

Studentane er godt nøgde med informasjonen dei får frå skulen, men saknar betre informasjon om læringsutbytte, eksamen og digitale løysingar. Her skal vi bli mykje betre. Bruken av digitale kommunikasjonsverktøy får òg lågare skår enn dei fleste andre områda sjølv om dei ikkje akkurat er misnøgde med det heller, 3.7 av 5 er skåren her. Vidare kan bruken av eksterne representantar frå bransjen og studentane sine eigne erfaringar frå fagfeltet styrkjast ytterlegare.

Her har vi klare tilbakemeldingar som vi kan jobba meir med.

Studentar på Lokførarskulen Foto: MaDa
Engasjerte studentar frå kull 1-26.

– Studiebarometeret gir oss verdifulle tilbakemeldingar. Vi tek med oss både dei sterke resultata og dei områda der studentane ønskjer forbetringar. Det er slik vi kan utvikle utdanninga vidare, seier studiesjef Ane Haugen Jordal.

Vil følgje opp i kvalitetsarbeidet

Resultata frå Studiebarometeret blir ein del av det vidare kvalitetsarbeidet ved Lokførarskulen.

Skulen vil særleg prioritere å styrkje tilbakemeldings- og rettleiingskulturen, forbetre den digitale informasjonsflyten og synleggjere yrkestilknytinga endå meir gjennom samarbeid med eksterne bidragsytarar frå jernbanesektoren.

Studentar i simulator Foto: MaDa
Johanne og Anna Kristine frå kull 1-26 øver på togframføring i togsimulatoren.