Nettbasert variant av utdanninga
Som så mange andre blei Lokførarskulen tvinga inn i andre rutinar då covid 19- viruset herja som verst. Vi måtte snu oss raskt, og forme både læringsmetodar og læremidlar til nye situasjonar med heimekontor og nettbasert undervisning. Vi lærte mykje i denne tida. I 2024 tilbyr vi utdanninga nettbasert.
I 2022 jobba vi saman med bransjen og fagpersonar for å sjå på dei moglegheitene vi hadde for å kunne gjennomføre utdanninga nettbasert, med samlingar. Etter eit grundig prosjektarbeid søkte skulen, på vegne av skulen sitt styre, NOKUT om godkjenning av eit nettbasert tilbod.
Dette har vi gjort etter ynsker frå bransjen og frå utdanningssektoren. Togselskap som har stasjonering langt frå Oslo, har uttrykt ynsker om å betre høvet til rekruttering frå heile landet. Jernbaneselskap som vil at deira tilsette skal ta vidare utdanning, vil også at utdanninga skal vere meir justerbar. Utdanningssektoren ber all høgare utdanning om meir fleksibilitet, og minner om at samfunnet rører seg meir i retning av at utdanning og læring er noko som skjer gjennom heile livet, ikkje berre i ein kort periode.
Grundig planlegging og utvikling
Prosjektleiarar for utviklinga har vore koordinator Silje Stenersen og fagsjef Mikael Persson. Dei har involvert mange dyktige ressursar frå skulen, og når dette er over har nok alle tilsette på Lokførarskulen vore involvert i prosjektet i større eller mindre grad. Og mange av studentane våre også!
Lokførarskulen har eit svært solid, kompetent og engasjert fagmiljø, eit eige kurs- og teknologisenter, eigne ressursar på pedagogikk, e-læring og nettbasert undervisning og eit erfarent støtteapparat som alltid har fokus på studentane si læring til all tid. Vi har dei aller beste føresetnadane for å kunne lukkast med dette.
Solide lokomotivføraraspirantar
Det er ikkje uvanleg at fagskular gjer denne overgangen frå stadbunden til samlingsbasert utdanning, og byr på ulike variantar. Lokførarskulen gjorde seg både gode og dårlege erfaringar under epidemien. Nå veit vi kva vi må gjere annleis og betre, og har tid til å planlegge godt. Vi vil tilpasse både læringsaktivitetar, undervisningsmetodar og organisering til det nye nettbaserte tilbodet. Lærarane som skal jobbe med nettstudentane blir handplukka, og må vere særs dedikerte til undervisningsforma.
Planen er at det fyrste kullet skal starte opp i mai 2024. Studiet vil gå over tre semester (omtrent 18-20 månader). Vi vil evaluere gjennomføringa godt undervegs og i ettertid, nett slik vi gjer med utdanninga nå. Studentane skal oppleve den same tryggleiken etter at utdanninga er over, og vite at dei har same vinning av den praksisnære opplæringa. Dei vil bli like gode lokomotivførarkandidatar som dei som har møtt opp i skulebygget på Grorud.
Studentane på den nettbaserte utdanninga må møte på samlingar hos skulen i Oslo. Der kan dei øve i dei store togsimulatorane, sjå på 69-settet vårt, undersøke dei store godsvagnane og treffe kvarandre. Nettstudentane kan også øve på simulatorscenarier heime på eigen PC. Alle synfaringar og all øvingskjøyring vil sjølvsagt skje i røynda.
Same kvalitet, innhald og læremål på utdanninga
Det einaste som er ulikt er at ein del av undervisninga i teori blir på nett, og at studentane må rekne med krav til digital kompetanse og eigen arbeidsinnsats og sjølvdisiplin. Vi vil leggje til rette for at studentane kan samarbeide mykje på nett, og utvikle klassemiljøet på det viset.
Studentane vil måtte møte på skulen i Oslo til samlingar for å kunne bruke skulen sine simulatoranlegg, og kunne undersøke 69-settet vårt og dei store godsvagnane. Dei vil også dra på felles synfaringar. Og all øvingskøyring vil skje som vanleg på jernbanenettet over heile Noreg. Studentane vil gjennomføre all øvingskøyring på heiltid.
For oss vil 2023 handle mykje om dette nye høvet for søkarar. Vi må tenke nytt om mykje, legge gode planar, sjå for oss alle fallgruver og sikre oss at kvaliteten på utdanninga ikkje blir dårlegare. Vi gler oss til dette!
Mandat og strategisk forankring
«I Norsk fagskole for lokomotivføreres mandat framheves det at utdanningen skal «utvikle og anvende digitale verktøy med tanke på effektiv og fleksibel utdanning» og «sikre jernbanesektoren god tilgang til kompetente lokomotivførere i tråd med sektorens behov.»
I flere år har bransjen diskutert hvordan utdanningen kan imøtekomme alle studenter. Det er spesielt entreprenørbransjen, gjennom Bane Nor, som har vært pådriver for en mer fleksibel og desentralisert utdanning. Lokomotivførerutdanningen har i tillegg hatt utfordringer med å få søkere med bostedsadresse fra nord, sør og vest i Norge.
Styret vil tilby et nytt studietilbud som skal gjøre opplæringen mer fleksibel uten å gå på bekostning av de definerte Læringsutbyttebeskrivelsene som er skissert i studieplanen for dagens utdanning. Nettbasert opplæring med samlinger skal bidra til at skolen møter utdanningspolitiske føringer som vektlegger fleksible og digitale opplæringstilbud.»
Styret for Norsk fagskule for lokomotivførarar, 09.11.2020