Årsmeldinga 2023
2023 har vore eit år med mange studentar under opplæring, og utdeling av mange vitnemål.
Frå rektor
Norsk fagskule for lokomotivførarar har ikkje hatt fleire studentar sidan starten av skulen i 2005. Unntaket var året etter Korona-pandemien, då Lokførarskulen måtte flytte fleire kull til 2021. Særleg gledeleg er det at talet på studentar som treng litt lengre tid på å gjennomføre studiet har gått ned, eit teikn på at skulen og opplæringa er attende til ein normaltilstand.
Andre resultat på skulen har vore høge og gode, både når det gjeld eksamensresultat og kor nøgde studentane er med utdanninga. Skulen arbeider aktivt med å følgje opp studentane gjennom systematisk arbeid i klasserommet og i administrasjonen. Skulen har òg arbeidd systematisk med studentmedverknad, og studentane har gitt gode innspel til utvikling og forbetringar.
Lokførarskulen har hatt fokus på kompetanseutvikling i 2023. Besøk til SJ-Noreg, Trondheim fagskule, SINTEF og NTNU i Trondheim har gitt fagpersonalet og administrasjon inspirasjon til å utvikle opplæringa. I tillegg har dei tilsette på skulen samarbeidd med fleire føretak i bransjen om kunnskap om ERTMS, Traxx og Eurodual.
Opptaket 2023
Opptaket for 2023/2024 har vore svært godt. Kvinnelege søkarar har gått opp frå 14 til 18 prosent. Me fekk over 1500 søkarar til 152 studieplassar. Dette utgjer over 11 prosent av alle som søkte gjennom Samordna opptak til fagskuleutdanningar i Noreg.
Nettbasert, med samlingar
Gjennom 2023 har me arbeidd med å legge til rette for eit nytt studietilbod. Tilbodet er at skulen frå april 2024 vil starte eit deltidsstudium som nettbasert lokomotivførarutdanning med samlingar. Skulen håpar me vil møte nye kandidatar som ikkje har høve til å studere fulltid. Skulen såg under opptaket i mars 2023 at det var eit populært studietilbod. Det var 45 søkjarar per studieplass, noko som resulterte i at søkjarar måtte ha 59 rangeringspoeng for å få tilbod om plass.
Tilsette og kandidatar
På slutten av året fekk skulen ei påminning om at endringar og uventa situasjonar i sektoren påverkar høve til lokomotivførarkandidatane å sertifisere seg i eit føretak. Dette viser ansvaret skulen har for å ta opp rett tal studentar, og at me må klare å sjå godt inn i framtida på omtrent to år for å utdanne riktig tal lokomotivførarar for Noreg.
Endringar i sektoren har også medverka til at skulen har hatt endringar i personalet. Fleire av dei fagtilsette har søkt utfordringar hos andre kompetansetilbydarar i bransjen. Det utfordrar skulen til å ha endå større satsing på kompetanseutvikling i åra framover.
Resultat for året
I 2023 uteksaminerte Lokførarskulen 141 lokomotivførarkandidatar.
Skulen evaluerer resultat jamleg, og resultata for 2023 har vist seg svært gode.
Opptak 2023
Opptaket 2023 vart gjennomført i Samordna opptak med søknadsfrist 1. mars 2023. Lokomotivførarutdanninga fekk 1507 søknader før fristen gjekk ut. 1099 av søkjarane var kvalifiserte til opptak. Poenggrensa for opptak til stadbunden opplæring enda på 45,8 rangeringspoeng, og heile 59 poeng til nettbasert med samlingar.
902 søkjarar søkte nettbasert utdanning med samlingar, og 409 av desse hadde nettbasert utdanning som 1. prioritet. Alderssnittet på nettbasert var lågare enn på stadbunden: 33 år mot 34 år. Det var litt færre kvinnelege søkjarar til stadbunden utdanning enn til nettbasert. 19,5 prosent kvinnelege søkjarar til nettbasert med samlingar, og 18 prosent kvinnelege søkjarar til stadbunden opplæring. 10 prosent av studentane som er tatt opp er kvinner, både på nettbasert med samlingar og på stadbunden opplæring.
Det var heile 95 prosent av dei som fekk tilbod om plass på nettbasert som kvalifiserte til opptak på grunnlag av fagbrev.
Det var totalt 13 453 søkjarar til alle fagskulane som gjennomfører inntaket via Samordna opptak. Hele 11.2 % av desse søkte seg til Norsk fagskule for lokomotivførarar i 2023. Både den stadbundne utdanninga med teoridelen i skulebygningen på Grorud, og den nettbaserte varianten låg på dei to øvste plassane i lista over flest søkjarar til fagskular (Kjelde: Kunnskapsavisa Khrono.)
Tal på søkarar | 2028 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 |
Totalt | 457 | 620 | 998 | 1162 | 1298 | 1507 |
Kvalifiserte | 301 | 387 | 717 | 907 | 1002 | 1099 |
Kvinnelege | 25 (5%) | 55 (9%) | 115 (11%) | 131 (11%) | 185 (14%) | 273 (18%) |
Kvalifiserte kvinnelege | 12 | 29 | 49 | 80 | 103 | 103 |
Søkjartala viste 1507 søkjarar. Til samanlikning fekk me 1162 i 2021 og 620 i 2019. Delen kvinnelege søkjarar steig frå 9 % i 2019 til 18 % i 2023.
Framtida for Norsk fagskule for lokomotivførarar
Fagskulen si viktigaste oppgåve i 2024 blir å utvikle og evaluere nettbasert opplæring med samlingar. Prosjektet har ein stor og viktig oppgåve framfor seg, og bransjen, køyrelærarar, administrasjon og lærarar må bidra på alle vis for å sikre ei god utdanning til studentane. I tillegg må Lokførarskulen sikre at det som blir utvikla også må kome studentar på stadbunden utdanning til gode. Utvikling av læremiddel har vore ei utfordring gjennom åra for Lokførarskulen. Det finst lite litteratur som kan hentast rett inn i pensum på skulen, og dei fagtilsette har i stor grad utvikla læremiddel ved sidan av ordinær undervisning. Nettbasert opplæring vil krevje tilgang til læremiddel. Når de er utvikla, vil dei kunne brukast i begge opplæringsløpa.
I løpet av 2023 blei det klart at skulen har klart å dekkje opp for dei store årskulla med lokførarar som nå nærmar seg pensjonsalder. Jernbanedirektoratet samarbeider med bransjen for å overvake etterspurnaden, og ei ny vurdering må gjerast før opptaket i 2025. I tillegg kan det verke som om utviklinga i jernbanesektoren også påverkar skulen si kompetansesituasjon. Skulen må rekne med at utviklinga vil kunne halde fram, og må difor sikre kompetanseutvikling for nytilsette. Endringar i behov for lokførarar i bransjen, saman med kompetansesituasjonen, utfordrar og gjer moglegheiter. Ein av moglegheitene skulen vil utforske er korleis endra behov i bransjen, innføringa av nettbasert opplæring og
kompetanseutvikling for tilsette kan brukast til å betre organisering av undervisning. Ein del av arbeidet skal omfatte korleis me kan involvere bransjen betre i innhald og utforming av opplæringa, som føretaka ga uttrykk for på brukarrådet for sektoren.
Lokførarskulen bidreg meir til kompetanseheving i sektoren gjennom utviklinga av øvingar i desksimulatorar. Stadig fleire føretak tar i bruk teknologien skulen har utvikla i sin internopplæring. Dette gjer også at føretaka er betre rusta til å gjennomføre opplæring i ERTMS.