Fagdag med CargoNet på besøk
Lokførarskulen inviterer alle togselskapa til fagdagar for å gi innblikk i metodane og dei pedagogiske verktøya vi bruker i skifteopplæringa. I starten av februar kom CargoNet på besøk til fagsjef Arnt Einar Hansen.
Foto: MaDaNorsk fagskole for lokomotivførare arrangerer årlege brukarråd der vi inviterer heile bransjen. I fjor fekk vi òg ei rapport frå Norsk lokførarforbund (NLF) med innspel. I begge desse kjeldene vart det peika på at enkelte føretak opplever skifteopplæringa som mindre treffsikker enn ønskjeleg. Slike tilbakemeldingar er vi svært glade for – og heilt avhengige av.
Ein dag som student
På bakgrunn av dette inviterer fagsjef Arnt Einar Hansen alle føretak til ein fagdag der vi viser fram korleis vi jobbar med opplæringa. Denne gongen kom Kjell Roger Engstrøm og Jan Haugen frå CargoNet for å lære meir og gi nye innspel.
Temaet for dagen var korleis vi bruker læringsverktøya våre, og korleis vi praksisrettar skifteopplæringa.
Foto: MaDaArnt Einar viste korleis VR ikkje er eit leiketøy, men eit pedagogisk verktøy som gir studentane høve til å øve trygt før praksis på Notodden. Alle studentar får teste det å kople lok og vogn i trygge omgjevnader.
– VR gjer at studentane kan feile utan konsekvensar. Det er ein enorm styrke når dei kjem ut og skal skifte for første gong, fortel Arnt Einar.
Kvifor gjer vi dette?
I november inviterte vi heile bransjen til brukarråd. Vi fekk mange gode og konkrete tilbakemeldingar, spesielt frå godsoperatørane, som stilte spørsmål ved om skifteopplæringa var like grundig som tidlegare. Fagdagen er eit direkte svar på desse innspela.
Foto: MaDaFrå 90 til 60 studiepoeng
Skulen gjekk frå NSB-skulen til Lokomotivførarstudiet på Grorud i 2005. Den gongen varte studiet eitt år og låg under Jernbaneverket. NOKUT meinte arbeidsmengda var for stor, og i 2013 vart utdanninga forlenga til 1,5 år – med 90 studiepoeng. Studentane hadde då 15 veker øvelseskjøring og 3 veker praktisk skifting etterfylgt av eksamen.
I 2009 kom førarforskrifta, og studieløpet vart revidert. Etter innspel frå Jernbaneverket og bransjen, vart det eit ønskje om å korte ned utdanninga til eitt år igjen, for å kunne tilsetje ferdige kandidatar raskare.
Vi arbeidde fram ein ny læreplan, og i mars 2017 vart det 60-studiepoengsløpet godkjent. Det første kullet starta same haust.

Meir ansvar i føretaka
Endringane i studieplanen betyr at noko lærestoff – særleg det som er spesifikt for kvart enkelt føretak – no må takast i den interne opplæringa. Difor har føretaka mellom tre og seks månader med intern opplæring før kandidatane kan bli sertifiserte lokførarar.
Dette omfattar mellom anna:
- Styringssystem, prosedyrar og beredskapsrutinar
- Typeopplæring på aktuelt køyretøy – strekningskunnskap der ein skal køyre tog og utføre skifting
- Øvingskøyring med bruk og behandling
- Eksamen og sertifisering
Sidan 2019 har vi heitt Norsk fagskule for lokførarar (Lokførarskulen). Utdanninga består framleis av 60 studiepoeng. Studentane har 15 veker øvingskøyring totalt, og nesten 3 veker praktisk skifting midt i studiet – simulering på Grorud og praksis på skifteområdet vårt på Notodden. Vi har altså ikkje fjerna noko praksis.
Vi får svært gode tilbakemeldingar på kurset. Studentane seier at dei forstår heilskapen betre, og at samanhengen mellom faga køyretøy og infrastruktur blir tydelegare.
Lokførarskulen utdannar lokomotivførarkandidatar, ikkje skiftarar. Studentane skal kunne utføre klargjering av køyretøy og framføre skift frå førarrommet. Praktisk skiftekurs gjer ein viss kompetanse i å vere skiftar og utføre skifting med lok og vogn, noko dei fleste lokførarar sjeldan utførar. Dette er ein kompetanse som ein må vedlikehalde ofte, for ikkje å gå ut på dato. Det går 6 månader frå studentane er ferdige med skiftekurset til dei startar på sertifiseringa i eit føretak. Da er mykje gløymt.
Foto: Kjetil BullOppsummert
Lokførarskulen sertifiserer ikkje ferdige lokførarar. Vi utdannar lokførarkandidatar. For å bli sertifiserte må dei tilsetjast i eit føretak, der dei får nødvendig intern opplæring.
Å vere lokførar er ulikt frå gods- til passasjertrafikk, frå Nord-Noreg til Sørlandet, og frå motorvogn til tunge lok. Difor må opplæringa bli fordelt mellom skule og føretak.
For å lukkast best mogleg, må begge partar bidra:
- Lokførarskulen skal tilby meir individuell praksisoppfølging og betre praksisvurderingar.
- Føretaka må fylle på med kompetansen som er spesiell for deira verksemd.
– Vi fekk gode samtalar og konstruktive tilbakemeldingar på fagdagen. No vil vi jobbe vidare med meir individuell praksisvurdering, og vi håpar fleire studentar kan få øvingskøyring i eit godsføretak, seier Arnt Einar.
Vi inviterte alle føretak til fagdag, og dette tema er særleg aktuelt for dei som driv med skifting av lok og vogn. Føretak som ikkje kunne kome denne gongen, får nye sjansar gjennom 2026.
CargoNet inviterte oss òg til å delta på skiftekurs i Sarpsborg – eit tilbod vi sjølvsagt takkar ja og gler oss til.
Foto: MaDa

