Lokførerskolen Nyheter Ansatte på Lokførerskolen Kvalitet, Førarbevis og kriseberedskap

Kvalitet, Førarbevis og kriseberedskap

Mens studentane jobba sjølvstendig med oppgåver, samla dei tilsette på Lokførarskulen seg til to innhaldsrike personaldagar på Lokførarskulen. Her fekk vi både grave oss ned i kvalitetsforståingar og utdanningsstruktur – og løfta blikket mot totalberedskap og krisehandtering. Det blei fagleg påfyll, gode diskusjonar og ein og annan kaffekopp for mykje.

To ansatte diskutererFoto: M.Dahl
Engasjerte medarbeidere, Micke Persson og Kjetil Bull.

Kva er kvalitet, og kven bestemmer det?

Første dag tok vi føre oss det store og litt svevande ordet kvalitet. Vi gjekk gjennom stortingsmeldingar, forskingsrapportar og direktiv som fortel kva det offentlege meiner vi skal levere som fagskule. Det var mykje lesestoff, men også mykje å diskutere – og vi var ikkje redde for å stille spørsmål ved både oss sjølve og systemet.

Rapporten frå NLF peikar på fleire svakheiter i utdanninga, og vi tek tilbakemeldingane på alvor. Vi jobbar vidare med å styrke kvaliteten på utdanninga og sikre at det vi gjer faktisk gir meining for studentane – og for arbeidslivet dei skal ut i.

Førarbeviset – meir enn ein eksamen

Christian, Silje og Micke foran et lysbildeFoto: M.Dahl
Christian, Silje og Micke er alle med i gruppa som jobber spesielt med eit nytt blikk på emnet Førarbevis. Skulen ønsker seg ein meir meningsskapande heilskap på heile undervisningen.

Etter lunsj tok vi føre oss emnet førarbevis, og korleis vi kan gjere denne delen av utdanninga meir praksisnær og meiningsfull. Her var det mykje engasjement! Fagsjef Mikael Persson og ei gruppe tilsette har sett på korleis studentaktiv læring og arbeidskrav kan gi betre forståing og meir ansvar hos studentane.

Carina og JarlFoto: M.Dahl
Samarbeid og refleksjoner over emnet førarbevis, med Carina og Jarl.

Vi diskuterte alt frå togradio og kontaktleidning til uønska hendingar og refleksjon i læringsloggen. Og ja – vi vurderer om kunstig intelligens kan hjelpe oss med retting av arbeidskrav. Men først må vi finne ut om KI faktisk skjønar forskjellen på ein kontaktleidning og ein kaffitraktar.

Avvik, ulykker og totalberedskap

Dag to fekk vi besøk av Kjetil Landro frå Vy Tog i Bergen. Han er lokførar, tillitsvald og ei kjenning for dei fleste ved skulen. Med bachelor i beredskap og lang erfaring, tok han oss med inn i ei verd der små avvik kan få store konsekvensar.

Foto: M.Dahl
Lokfører og tillitsvalgt i Vy, Instruktør og sensor på Lokførerskolen og bachelor i beredskap – Kjetil Landro.

Gjennom døme frå både romferjer og jernbanespor, fekk vi sjå kor viktig det er å forstå mennesket si rolle i ulykker – og kor lett det er å falle inn i vanar som ikkje nødvendigvis er trygge. Kjetil minte oss på at det må vere lov å stille spørsmål, og at tryggleik ikkje handlar om å peike finger, men om å lære å sikre.

Kjetil Landro fortellerFoto: M.Dahl
Kjetil Landro fortalte mye interessant om normalisering av uønska hendingar og om lokomotivføraryrket som del av den totale beredskapen.

Totalberedskap

Etter lunsj tok Kjetil oss vidare inn i temaet totalberedskap – når jernbanen blir ein del av forsvarsverket. Her blei det alvor. Med utgangspunkt i stortingsmeldingar og NOU-ar, snakka han om korleis jernbanen kan vere ein viktig del av samfunnets beredskap – både i fredstid og krise.

Vi snakka om krig, ekstremvêr, cybertruslar og energikriser – og korleis vi som jobbar med jernbane må vere robuste, fleksible og klare til innsats. Heile sektoren må ha bevissheit på beredskap.

Frå refleksjon til handling

Personaldagane gav oss tid og rom til å tenkje grundig gjennom både utdanninga vi tilbyr og samfunnsoppdraget vi står i. Vi fekk diskutert kvalitet, praksis og beredskap – og ikkje minst korleis vi som fagmiljø kan utvikle oss vidare. Det vi lærte, skal ikkje bli liggande i ei mappe. Det skal inn i planverk, undervisning og praksis. For når vi styrkar utdanninga, styrkar vi også tryggleiken på sporet – og det er eit ansvar vi tek på stort alvor.

Vi tek med oss innsikta frå personaldagane inn i det daglege arbeidet – og held fram med å utvikle ei utdanning som er relevant, trygg og framtidsretta.

Mange ansatte fra Lokførerskolen i klasserom.Foto: M.Dahl
Det blei to lange dagar, men engasjementet og interessen var på topp frå morgon til kveld.