Opptak av nye studentar i 2024
Tidsfrist for å sende søkning til opptak ved Lokførarskulen i 2024 er 1. mars. Samordna opptak opner for søknader i februar. Jernbanedirektoratet har fastsett at vi i 2024 tek opp tre kull. Dette er færre enn tidlegare år.
Det er uro i markedet for nyutdanna lokomotivførarkandidater, og fleire av dei uteksaminerte studentane våre er nå i den situasjonen at dei ikkje blir tilsett så raskt som vi er vant til. Det er fleire faktorar vi ikkje rår over som bidrar til dette, blant andre ekstremvêr og kollapsen av Randklev bru. Dette har minska talet på avganger med både gods- og persontog, og har for ein kortare periode stansa rekrutteringa hos fleire jernbaneføretak. ERTMS er ikkje gjennomført som forventa, og vi lever framleis med etterverknader av koronaepidemien. Togselskapa har diverre ikkje fått satt opp like mange nye ruter som dei ynskte.
Dei studentane som er ferdige på Lokførarskulen nå blei tatt opp i 2021, og talet på studieplassar blei bestemt i den perioden.
Opptaket
Jernbanedirektoratet har bedt skulen om å ta opp tre kull i opptaket 1. mars 2024.
- Kull 1 med 24 studieplassar starter opp oktober 2024
- Kull 2 med 24 studieplassar har oppstart april 2025
- Kull 3 med 20 studieplassar får teoriopplæring over internett og på samlingar, og startar opp januar 2025
Dei nye studentane vil vere ferdige lokomotivførarkandidatar seint i 2025 og i 2026. Vi ventar at alt er normalt igjen for dei, slik at det igjen er gode jobbsjansar for studentane.
Optimisme for framtida
Både sektoren og skulen trur på at alle uteksaminerte studentar vil få jobb som lokomotivførar. Jernbanedirektoratet, arbeidstakarorganisasjonane og føretaka er alltid i nær samtale om talet på studieplassar for framtida.
Hjelp til uteksaminerte studenter
Dei lokførarkandidatane som enno ikkje har blitt tilsette i eit føretak er i kontakt med ledelsen på fagskulen, og vi set i gong steg for dei slik at dei lettare kan halde på kompetansen dei har fått på Lokførarskulen, fram til dei blir tilset eit jernbaneføretak.