Studentane meiner – skulen lyttar
Kvar haust publiserer NOKUT resultata frå studentundersøkinga som blir gjennomført om våren – Studiebarometeret. Vi som arbeider på Lokførarskulen les denne med stor interesse, og bruker resultata til all planlegging av betringar.
Undersøkinga tek for seg ulike sider ved studiekvalitet, og om engasjement, motivasjon og tidsbruk. I år hadde vi ein svarprosent på heile 63.
Vi er glade for at studentane er godt nøgde med utdanninga og at dei er motiverte for studiet.
Sjølvskryt
I år er Lokførarskulen særs glad for det studentane seier om det som blei gjort i starten av utdanninga. Her har vi tidlegare fått melding om at studentane ikkje var nøgde med informasjonen dei fekk. No har vi tatt grep for å betre dette for alle studentar, og det ser vi resultat av.
Studentane fortel også at eksamen har tydelegare kriterium for vurdering, og det er vi veldig glade for.
Bruk av digitale verktøy i undervisninga har gjort dei meir involverte i undervisninga, kan studentane fortelje oss.
Studentane er også nøgde med gjennomføring og læring av øvingskøyring og køyrelærarane. Deira tilbakemelding direkte til oss viser også dette.
Og studentane seier og at utdanninga er særs retta mot arbeidslivet dei skal inn i.
Læresvoltne studentar
Rapporten er viktig for å styre kva for emne vi skal arbeide med dei neste åra. Studentane ønskjer seg betre sosialt miljø, høgare kvalitet på tilbakemeldingane og meir engasjerande undervisning. Da må vi jobbe meir med det.
Dei vil også at vi skal følgje betre opp deira forslag til forbetringar. Lærarane treng å gi meir konstruktive tilbakemeldingar, og møte meir førebudd til undervisninga, seier studentane. Å gjere slik studentane ønskjer er ikkje berre bra for dei, det er også bra for oss.
Vi blir ikkje berre samanlikna med oss sjølve, år for år, men og med alle dei andre fagskulane.
Kvart år får vi minus på at utdanninga ikkje bygde vidare på den kompetansen studentane hadde ved studiestart. Akkurat det tek vi ikkje så tungt, det er ikkje mange som har ferdigheiter i å framføre tog før dei startar på Norsk fagskole for lokomotivførarar.
Faktaboks
- Studiebarometeret er ei nasjonal studentundersøking som vert sendt til meir enn 70 000 studentar kvart haustsemester. Undersøkinga ber studentane vurdere utdanningskvaliteten i studieprogramma sine. Føremålet med Studiebarometeret er å styrkje kvalitetsarbeidet i høgare utdanning og gje nyttig informasjon om utdanningskvalitet.
- Det er NOKUT (nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) som står for organisering av Studiebarometeret, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
- Undersøkinga vart sendt til 114 studentar på Lokførarskulen i april og mai 2024.