Ny rekord – igjen

Er du ein av dei som søkte på Lokførarskulen i februar i år? Det var du ikkje aleine om. Nok ein gong har Norsk fagskule for lokomotivførarar fått eit rekordtal søkarar. I år kan vi skryte på oss heile 1507 av dei!

Studenter ved et togFoto: André Gustavsen
Kull 2-22 har oppstartsmøte for skiftekurs ved Nordagutu.

Måndag 24.04.23 heldt minister for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, og direktør for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, pressekonferanse om talet på søkarar til fagskular, høgskular og universitet. Der kunne dei fortelje at talet har auka dei siste åra. Det er framleis store behov for faglært arbeidskraft, ikkje minst innan helse, digitalisering og i den grøne omstillinga, der jernbanen utgjer ein sentral del.

Rekordhøgt tal på søkarar til lokomotivføraryrket

Det har vore 13 453 søkarar til alle Noregs fagskular gjennom Samordna opptak. Heile 11.2 % av desse har søkt seg til Norsk fagskule for lokomotivførarar! Både den stadbundne utdanninga med teoridelen i skulebygninga på Grorud, og den nettbaserte varianten ligg på dei to øvste plassane i lista over flest søkarar til fagskular. 

Les meir hos fagbladet Khrono: Fagskole: Dette er den mest populære utdanningen (khrono.no)

Tal på søkarar201820192020202120222023
Totalt457620998116212981507
Kvalifiserte30138771790710021099
Kvinnelege25 (5%)55 (9%)115 (11%)131 (11%)185 (14%)273 (18%)
Kvalifiserte kvinnelege12294980103103
Vekst over heile linja! Og mange fleire dyktige og solide lokføraraspirantar klare for tilsetting i togselskapa etter tida på Lokførarskulen.

Dei siste åra har vi hatt ei sterk og jamn stiging av søkarar. Det har samstundes vore auka behov for utdanna lokomotivføraraspirantar ferdige for tilsetting hos dei ulike togselskapa. Lokførerskolen har ein tett dialog med bransjen, og set opp studieplassar ut frå dei behova som blir meldt inn. Opptaket i år gjaldt også for oppstart av 20 studentar til nett- og samlingsbasert studieløp.

Vi ynsker oss stadig fleire kvinnelege søkarar, og gleder oss over at det har det skjedd en auke også her. Frå 5 % til 18 % på seks år, er slett ikkje verst.

To studenter foran togFoto: Atle Schaathun
Elisabeth Randmæl og Malin Haukedalen fra kull 5-23.

Geografisk tilhøyre hos søkarane

Stad i landet201820192020202120222023
Austlandet69 %71 %67 %67,5 %66,7 %63,6 %
Vestlandet13 %13 %16 %15 %13,7 %13,7 %
Midt-Noreg8 %7 %8 %8 %9,1 %10,1 %
Nord-Noreg6 %5 %5 %5,5 %6,6 %5,8 %
Sør-Noreg3 %4 %3 %4 %3,9 %3,8 %
Andre søkarar hadde ukjend adresse, eller adresse i utlandet.

Vi er framleis ikkje nøgde med tala frå nord og sør. Behov for ferdige utdanna lokføraraspirantar, klare for tilsetting i både passasjertog, godstog og i arbeidsmaskiner, gjeld for heile landet. Det er stor mobilitet i bransjen for tida, og mange togselskap ynskjer å setje opp fleire avgangar. Og då treng dei fleire flinke lokførarar. Dette gjeld særleg på strekningar i nord og i sør, og derfor spissa vi marknadsføringa spesielt mot desse områda gjennom ei radioreklame.

Ventar du på svar?

Søkjefristen for opptaket var 1. mars 2023. Vi er travelt opptekne med å sende aktuelle søkarar inn til sjekk av helse, og det tek litt tid.

Alle søkarar får svar direkte frå Samordna opptak 25. mai om dei har fått tilbod om studieplass eller ikkje. Svarfristen er 1. juni.

Og til dei som ikkje er så heldige å få plass i år, er det nye moglegheiter i februar 2024.