Enda fleire søkarar

Det skal jammen ikkje vere lett å kome inn på Lokførarskolen no for tida. Vi har fått rekordtal på søkarar, i år også.

Studenter på skiftetogFoto: Andre Gustavsen

Samordna opptak opna for søkarar 1. februar, og lukka igjen 1. mars. I løpet av den tida fekk Lokførarskolen heile 1513 søkarar. Det var så vidt over fjoråret, da vi fekk 1507.

26.04.24 held direktør for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, ei pressekonferanse saman med minister for forskning og høgare utdanning, Oddmund Hoel. Dei kunne fortelje om 17 % økning i tala for søkarar til fagskoler. Heile 15 742 personar har søkt til nær på 500 ulike utdanningar. 7 av 10 har søkt nettbasert utdanning.

«Økningen til fagskolene er et stort lyspunkt», sa Hoel, «det forteller oss at vi er på rett spor.» Til neste år kjem det ei ny stortingsmelding som vil løfte fagskolene enda meir, kunne han fortelje.

Det er som tidlegare lokførarutdanninga som har flest søkarar med over 24 søkarar per studieplass

Sitat frå pressemeldinga til regjeringa

Samordna opptak fortel at lokomotivførerutdanningane ved Norsk fagskole for lokomotivførarar er nummer én og to av studier med flest fyrstevalgssøkarar per studieplass, med 24,6 (nettbasert) og 19,4 (stadbunden) førstevalgssøkere per studieplass.

Norsk fagskole for lokomotivførarar er stolte over å kunne tilby ei attraktiv utdanning, og glade for å kunne bidra til at yrket blir meir populært.

Talet på søkarar

Tal2018201920202021202220232024
Søkarar4576209981162129815071513
Kvalifiserte søkarar301387717907100210991270
Kvinnlege søkarar2555115131185273335
Kvalifiserte kvinnlege søkarar12294980106103252

Gjennomsnittsalderen for søkarane er 32 år, det har ikkje endra seg dei siste åra.

I år er andre året vi har hatt opptak til eit kull med studentar som skal studere nettbasert med samlingar.

Totalt tal for søkarar med stadbunden undervisning som første val er 959. Av desse er 796 kvalifiserte, 179 av dei er kvinner og 127 av dei igjen er kvalifiserte.

Totalt tal for søkarar til nettbasert teoriundervisning som første val er 493. Av desse er 432 kvalifiserte, 136 er kvinner og 114 av desse igjen er kvalifiserte.

Stadbunden/nettbasert som 1. val

Stadbunden som 1. valNettbasert som 1. val
Tal på søkarar959493
Kvalifiserte796432
Kvinner179136
Kvalifiserte kvinner127114

Dei siste åra har vi hatt ei jamn stigning i talet på søkarar. I år har bransjen meldt inn om mindre behov for førarar. Derfor har vi berre 68 plassar å fordele ved dette opptaket. Vi tek opp studentar til eit kull som skal starte i oktober 2024, eit i januar 2025 (nettbasert) og eit i april 2025.

Lokførarskolen ønsker seg fleire kvinnelege studentar.

Kvinnelige studenter under skiltet til Norsk fagskole for lokomotivførereFoto: Maria Dahl
Sigrid, Katja og Frida fra kull 2-24.

Her kjem søkarane frå

Lokførarskolen utdannar lokomotivførarar for heile landet, derfor er det viktig for oss å marknadsføre oss over heile landet også. Slik har søkarane vår fordelt seg.

Stad i landet2018201920202021202220232024
Austlandet69 %71 %67 %67,5 %66,7 %63,6 %66,85 %
Vestlandet13 %13 %16 %15 %13,7 %13, 7 %13,6 %
Midt-Noreg8 %7 %8 %8 %9, 1 %10, 1 %10, 5 %
Nord-Noreg6 %5 %5 %5,5 %6.6 %5, 8 %4,3 %
Sør-Noreg3 %4 %3 %4 %3, 9 %3,8 %4,8 %
Andre søkarar har adresse i utlandet, eller ukjent adresse.

Viktig frist

Dei kvalifiserte søkarane blir rangert ut frå faste kriterium. Deretter kallar vi dei med høgast poengsum inn til helsetestar.

Alle søkarar får beskjed frå Samordna opptak om dei har fått plass eller ikkje 25. mai. Svaret får du i søknaden din. Da er det viktig at dei som har fått plass, svarer innan 1. juni.

Les meir om opptaksreglane for fagskular hos Samordna opptak her.

Rekrutteringskampanjen i år

Ferdig utdanna lokføraraspirantar, klare for tilsetting i både passasjertog, godstog og i arbeidsmaskinar, trengs alle stader det køyrast tog. Dette gjeld særleg på strekningar i nord og i sør, og derfor spissa vi marknadsføringa spesielt mot desse områda gjennom ei radioreklame.

Fire ulike filmar rulla og gjekk på sosiale media, og hos mange ulike nettaviser.

Filmane viser døme på ulike yrke ein kan ha før ein søker seg inn på Lokførarskolen. Alle kan bli lei av jobben, uansett kor bra jobb ein har, og da kan Lokførarskolen vere eit alternativ.

Røyrleggar
Lege
Kontorarbeidar
Elektrikar