Lokførerskolen Nyheter Om Lokførerskolen Opptak av nye studentar i 2025

Opptak av nye studentar i 2025

Tidsfristen for å søkje opptak til Lokførarskulen i 2025 er 1. mars. Jernbanedirektoratet har fastsett at vi tek opp fem kull i 2025. Det blir 120 studieplassar. 24 av desse er til nettbasert studievariant. Dette er fleire plassar enn i fjor, men færre enn tidlegare år.

Foto: Lokførerskolen

Du finn lenkje til Samordna opptak på nettstaden vår, lokførerskolen.no.

Pass på å leggje ved all relevant dokumentasjon på at du er kvalifisert i søknaden før 1. mars. Du kan diverre ikkje sende dette etter at fristen har gått ut.

Opptaket

Jernbanedirektoratet har bede skulen om å ta opp fem kull i opptaket 1. mars 2025. Det er 24 studieplassar i kvart kull.

  • Kull 1 startar opp august 2025
  • Kull 2 startar oktober 2025
  • Kull 3 startar januar 2026. Desse får teoriopplæring over internett og på samlingar (nettbasert studie på deltid).
  • Kull 4 og kull 5 startar i vårsemesteret 2026.

Dei nye studentane vil vere ferdige lokomotivførarkandidatar seint i 2026 og i 2027. Vi ventar at alt er normalt igjen for dei, slik at det igjen er særs gode jobbsjansar for studentane, slik vi er vane med.

Foto: Lokførerskolen

Søk Lokførarskulen

For å kunne bli vurdert til opptak, må du ha fullført vidaregåande opplæring, anten med eit eller fleire av våre godkjende fagbrev, eller med vitnemål frå studiespesialiserande med matematikk R1 eller S1 + S2.

Stadbunden eller nettbasert studievariant?

Du kan søkje til eit stadbunde studie, der teoriundervisning skjer i lokalar på Grorud i Oslo. Dette studiet tar eit år. Eller du kan søkje på ein nettbasert variant. Dersom du vel nettbasert, har du halvanna år på deg før du tek eksamen og blir ein lokomotivførarkandidat. På nettbasert studievariant må du rekne med å måtte møte til samlingar på skulen og på jernbaneområde rundt omkring på Austlandet i studietida.

Praksis er den same for båe studievariantar, og varer omtrent halve studietida. Då er du på synfaringar, på kurs i praktisk skifting, køyrer i simulator og på øvingskøyring ute på linja. På øvingskøyring må du følgje turnus til ein erfaren køyrelærar. Du kan få øvingskøyring over heile landet.

Foto: Lokførerskolen

Pass på når du søkjer!

Søkjarar til Lokførarskulen må prioritere kva for eit studieforløp dei helst vil inn på hos Samordna opptak, stadbunden opplæring eller nettbasert med samlingar. Det vil seie at du må setje det studiet du helst vil inn på som førsteprioritet, studiet du nest helst vil inn på som andreprioritet og så vidare.

Når søkjarane får tilbod i hovudopptaket, fell lågare prioriterte studieønskje bort. Det vil seie at dersom du har prioritert opptak til stadbunden opplæring på første plass og får tilbod om plass der, vil alle dei andre studieønskja automatisk falle bort. Du kan ikkje setje deg på venteliste til studium som har falle bort.

Dersom du har prioritert opptak til nettbasert opplæring med samlingar på første plass, og får tilbod om plass på stadbunden opplæring, kan du takke ja til plassen på stadbunden og framleis stå på venteliste på nettbasert opplæring med samlingar. Du vil då få tilbod om plass på nettbasert opplæring med samlingar i eit seinare suppleringsopptak, dersom det blir ledig plass.

Det er difor viktig at du er medviten på kva for eit studie du prioriterer øvst.

Hugs!

Pass på å leggje ved all relevant dokumentasjon på at du er kvalifisert i søknaden før 1. mars. Du kan diverre ikkje sende dette etter at fristen har gått ut.

Foto: Lokførerskolen

Betring i arbeidsmarknaden

Det er framleis uro i marknaden for nyutdanna lokførarkandidatar. Diverre er det eit mindre tal i denne gruppa som ikkje har fått jobb som lokførar enno. Men skulen har kontakt med dei tidlegare studentane våre, og vi kan sjå ei klar betring og fleire har fått jobb. Utviklinga går i riktig retning. Det er viktig for oss at dette talet er så lågt som mogleg, vi ynskjer ikkje å utdanne til arbeidsløyse.

God grunn til optimisme

Grunnen til at togselskapa ikkje vil tilsette så mange nye kandidatar no er samansett. Etterverknader av ekstremvêr, uvisse om trafikkpakkane, færre avgangar, færre nye ruter, forseinka innføring av ERTMS, mangel på rett vedlikehald og meir, har mykje å seie. Dette har gjort at aktørar hos både gods- og passasjertogtrafikk nøler med å tilsette nye lokførarar. Og dette er vi ganske sikre på vil snu om kort tid. Etter periodar med få tilsettingar, vil behovet auke.

Foto: Lokførerskolen