Opptaket 2025
1. mars var det søknadsfrist hos Lokførarskulen, og vi fekk mange søknader. Faktisk heile 1282! Det er nok, når vi berre har 120 studieplassar å by på.

Totalt for fagskular
Det blei lyst ut 13 369 studieplasser til fagskulane gjennom Samordna opptak i år. Som i fjor er det fleire søkarar enn studieplassar, meir enn 15 000 søkarar. Men søkartala går ned.
Lokomotivførarutdanningen har aller flest søkarar. På nummer ein ligg nett- og samlingsbasert studievariant, og på andre plass ligg den stadbundne. Brann, redning og samfunnssikkerhet ligg på tredje plass.
For Norsk fagskule for lokomotivførarar
Samordna opptak opna for søkarar til Lokførarskulen 1. februar, og lukka igjen 1. mars. I den månaden fekk vi heile 1282 søknadar. Det var litt færre enn i fjor, da vi hadde rekord med 1513 søkarar. Det var ein liten nedgang for dei andre fagskulane også i år.
Lokførarskulen er stolte over å kunne tilby ei ettertrakta utdanning, og glade for å kunne bidra til at yrket blir enda meir populært.

Jernbanedirektoratet har bede skulen ta opp 120 studentar i 2025.
- Kull 1 startar 11. august 2025
- Kull 2 startar 27. oktober 2025
- Kull 3 startar januar 2026. Dette er til eit nett- og samlingsbasert studie.
- Kull 4 startar vårsemesteret 2026
- Kull 5 startar vårsemesteret 2026
Dei nye studentane vil vere ferdige hausten 2026 og våren 2027.

Søkartal
Tal | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 | 2025 |
Søkarar | 457 | 620 | 998 | 1162 | 1298 | 1507 | 1513 | 1282 |
Kvalifiserte søkarar | 301 | 387 | 717 | 907 | 1002 | 1099 | 1270 | 1044 |
Kvinnelege søkarar | 25 | 55 | 115 | 131 | 185 | 273 | 335 | 177 |
Kvalifiserte kvinnelege søkarar | 12 | 29 | 49 | 80 | 106 | 103 | 252 | 135 |
Snittalder på søkarane er framleis 32 år.
Her kjem søkarane frå
Stad i landet | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 | 2025 |
Austlandet | 69 % | 71 % | 67 % | 67,5 % | 66,7 % | 63,6 % | 66,8 % | 68,8 % |
Vestlandet | 13 % | 13 % | 16 % | 15 % | 13,7 % | 13,7 % | 13,6 % | 11,8 % |
Midt-Noreg | 8 % | 7 % | 8 % | 8 % | 9,1 % | 10 % | 10,5 % | 8,9 % |
Nord-Noreg | 6 % | 5 % | 5 % | 5,5 % | 6,6 % | 5,8 % | 4,3 % | 5,7 % |
Sør-Noreg | 3 % | 4 % | 3 % | 4 % | 3,9 % | 3,8 % | 4.8 % | 4,8 % |
Stadbunden eller samlingsbasert?
Stadbunden som første val | Nett- og samlingsbasert som første val | |
Tal på søkarar | 814 | 468 |
Tal på kvalifiserte søkarar | 655 | 389 |
Viktig frist!
Dei kvalifiserte søkarane blir rangert ut frå faste kriterium. Deretter kallar vi dei med høgast poengsum inn til helsetestar.
Alle søkarar får beskjed frå Samordna opptak om dei har fått plass eller ikkje 25. mai. Svaret får du i søknaden din. Da er det viktig at dei som har fått plass, svarer innan 1. juni.
Les meir om opptaksreglane for fagskular hos Samordna opptak her.
